En systematisering av basis og grunnprinsipp i skøyteteknikk og ei prioritering av konkrete arbeidsoppgåver i dei tre hovudteknikkane enkeldans, dobbeldans og padling.
Du kan hurtignavigere i artikkelen ved å klikke til høyre på siden.
Her kan du laste ned artikkelen som PDF.
Innleiing
For å få oversikt og heilheit kan det vera ein fordel å lesa gjennom hovudpunkta før ein går inn i dei meir detaljerte underpunkta.
Som hovudregel bør ein utøvar berre jobbe med ei eller to oppgåver i kvar teknikk samtidig, fleire oppgåver skapar lett forvirring. Det er betre å trene lenge på ei grunnleggande oppgåve til denne fungerer enn å gå for fort fram.
Nybyrjarar kan med fordel starte teknikktrening i lett eller flatt terreng. Enkeldans er ein gunstig teknikk å trene inn grunnleggande balanse, tyngdeoverføring og grunnposisjon. Tren gjerne utan stavar, bruk armane på same måte som med stavar, i tillegg til at dette er god teknikktrening er det viktig styrketrening for beina, også for vidarekomne.
Start gjerne med dei primære arbeidsoppgåvene i dei tre hovudteknikkane Oppgåvene er sett opp i prioritert rekkefølge, dvs. at det er meint å starte på toppen av oppgåvelista (hugs: berre ei eller to oppgåver samtidig) Kapitla ”Basis” og ”Grunnprinsipp” kan ein setja seg nærare inn i etter å ha kome godt i gang med teknikktreninga
Metodikk, progresjon og pedagogikk er like viktig som fagkunnskap for ein teknikktrenar I staden for å fortelja ein utøvar om feil bør trenaren forklare kva utøvaren bør/skal gjera.
Nybyrjarar på rulleski bør starte treninga på eit trygt område, rulleskiløype, sykkelsti, skuleplass e.l.
HJELM ER OBLIGATORISK I ALL RULLESKITRENING FOR ALLE!
BASIS
A. All skøytetrening er teknisk trening
- Teknikktrening viktig del av all spesifikk fysisk trening
- Ha få, men klare arbeidsmål og oppgåver med kvar økt. Maks to teknikkoppgåver i kvar teknikk til ei kvar tid
- Analysere og evaluere arbeidsoppgåvene etter økta
- Resultatutvikling etter tekniske endringar tek ofte tid og krev mykje spesifikk trening med høg intensitet -Velge terreng etter målet med økta
B. Val av teknikk
- Lesa terrenget, bruke terrengvariasjonar til å behalde eller skape større fart, f.eks. svingar, bakketoppar, kompresjonar
- Teknis- taktiske val, bruke rett teknikk og rett gir i ulike typer terreng, kan også variere med løypelengde, fase i løpet, rykk, innspurt, underlag m.m.
- Teknisk-taktisk trening for å auke teknisk kapasitet
- Tøye grenser ved å trene på og bruke raskare teknikkar
- Justere teknikken etter underlag/snøkonsistens
C. Val av gir
- Spekter av lette og tunge gir i kvar teknikk, bevisst val av gir utfrå fart, kraftinnsats og taktikk
- Kjenne forskjellen på høge eller låge posisjonar, samanhengen mellom frekvens og kraftinnsats med tanke på kraftforbruk
D. Halde teknikken gjennom heile løpet
- Teknikktrening i sliten tilstand avgjerande for utvikling
- Konsentrasjon om sitt eige løp og eigne arbeidsoppgåver
E. God arbeidsøkonomi er avhengig av:
- Spesifikk trening i kvar teknikk i heile intensitetsspekteret
- Generell uthaldande kapasitet
- Spesifikk uthaldande muskelstyrke
F. Val av utstyr
- Velge ski som passar til kropp og teknikk
- Rett stavlengde
Grunnprinsipp
1. Posisjonar
- Alle posisjonar og bevegelsar er retta mot auka framdrift
- Stå godt over skiet med overkroppen og hofta vendt opp vinkelrett på skiretningen, blikket i skiretningen
- Tyngdepunktet rett på innsida av foten i nedsettet for å kunna starte skuvet tidleg
- Kontakt med heile foten, huvudtrykket under fotballen, individuelt om ein avviklar skuvet heilt ut gjennom tærne
- Jamn trykkfordeling framme og bak på skiet for å få skiet til å gli lett på snøen
- Grunnposisjon alle teknikkar: parallell leggvinkel og overkroppsvinkel, blikket framover for å lettare halde grunnposisjon
- Alltid utføre fråskuvet vinkelrett på skiet
- Foten under kroppen i nedsettet for å kunna skuve vinkelrett på skiet og skape tidleg trykk
- Kan vera gunstig pedagogisk å prøve å halde kneet framme gjennom heile skuvet for å halde trykket på skiet
- Leggvinkel avhengig av fart, terreng, intensistet og gir
- Hofta langt framme for å sikre grunnposisjon, skape kraft, tidleg innsats, auke framdrift, bruke lite krefter
- Aktivt buktrykk for å stabilisere overkroppen og auke trykket gjennom stavane
- Plan hofte for å halde trykket mot underlaget -Aktiv rotasjon i hofta for å auke trykket mot underlaget, krev god timing, aktivt buktrykk og at ein står imot
- Stavisett inntil foten sett i skiretningen
- Stavtak og –pendel inntil kroppen
- Krafta frå overkropp og armar gjennom stavane
- Føle terrenget og underlaget og justere posisjonane
2. Kraftinnsatsen startar som sentralbevegelse
- Kraftinnsatsen startar som impuls frå bukmuskulaturen, gjeld særleg danseteknikkane der ein startar høgt oppe med tilnærma utstrekt hofte
- Kraftimpulsen frå bukmuskulaturen gjev auka kraft gjennom armar og bein og auka trykk gjennom stavar og ski
- Muskelkontraksjon i bukmuskulaturen i staden for knekk i hofta
3. Utnytte kroppstyngda / tyngdekrafta
- Vera over skiet i det skuvet startar og gjennom fyrste del av skuvet
- I danseteknikkane der ein bevegar tyngdepunktet ein del opp og ned får ein gratis kraft ved å sleppe kroppstyngda tilnærma vertikalt ned på ski og stavar, særleg viktig i dobbeldans i motbakke
4. Balanse mellom arm- og beinarbeid
- Tilnærma likt trykk på stavar og ski
- Lettare å halde gode posisjonar og balanse i kroppen
- Bør også ta utgangspunkt i kroppsproporsjonar og spesifikk styrke i overkropp og bein
5. Tidleg kraftinnsats
- Kraftimpuls frå bukmuskulatur og armar startar stavtak og fråskuv i det stavar og ski får kontakt med underlaget
- Tidleg kraftinnsats viktig for framdrift, trykk, giring, aksellerasjon, arbeidsøkonomi og avspenning
- Tidleg kraftinnsats også ved lette gir, giret bestemmer trykket i resten av syklus
- Avhengig av god grunnposisjon med hofta godt framme
6. Få skiene til å gli, halde trykket på skiene
- Sette fart og trykk på skiet i nedsettet
- Halde farten og trykket på skiet oppe heilt til skiet slepper snøen
- Kjenne trykket mot og svaret frå underlaget
- Kante skiet i samsvar med posisjonen
7. Tyngdeoverføring og framdrift
- Motkrafta frå underlaget bør gå gjennom tyngdepunktet og kroppen for å oppnå best mogeleg framdrift
- Tyngdepunktet bør fylgje skiet for å skape framdrift i skiretningen
8. Dynamikk, rytme og flyt, ”halde hjulet i gang”
- Dynamisk muskelarbeid; eksentrisk-konsentrisk
- Utnytte svikt, fullføre skuv og stavtak (fullfører ikkje stavtak i dobbeldans motbakke)
- Armpendelen styrer rytmen, aktiv armpendel fram
- Rett timing mellom armarbeid og beinarbeid
- Armar, overkropp, hofte og bein jobbar saman for å skape jamn framdrift utan rytmebrot
9. Avspenning
- Berre bruke muskelkraft til å skape framdrift
- Avspente svingfasar
- Aktiv pusteteknikk
Enkeldans
- Mest brukt ved stor fart og med relativt tunge gir
- Enkeldans bør fortrenge dobbeldansen i stadig tyngre terreng i framtida ettersom farten i langrenn aukar og at ein trenar bevisst på enkeldans
- Kan også vera aktuell i spurt ved stor fart
- Tunge gir krev lang arbeidsveg for både arm- og beinarbeid
- Lang armpendel, hendene minst opp i høgde med panna framme, fullføre armpendel opp bak med horisontale armar, sleppe stavane
- Armpendelen svært viktig for rytme og flyt
- Når ein blir sliten og kort i skjæret hjelper det å få i gang att armpendelen
- Vera godt over skiet i starten av skuvet, halde trykket på skiet heilt ut, dvs. halde spissing av kneet og fullføre fråskuvet til tilnærma strekt kne
- Individuelt om ein også strekker ut i ankelen, krev i så fall god posisjon i overkroppen for å hindre rotasjon
Primære arbeidsoppgåver
- Balanse – tyngdeoverføring, kroppen over skiet, vende opp overkroppen og hofta vinkelrett på skiretningen GÅ MYKJE UTAN STAVAR!
- Grunnposisjon: parallell leggvinkel og overkroppsvinkel
- Armarbeid: starte høgt oppe med hendene i høgde med panna, lang armpendel, avslutte bak med horisontale armar, sleppe stavane
- Dra ut skjæret, gli på skiene
- Krafta i skuvet ned gjennom ankelen
- Aktivt bukarbeid, kraftimpulsen frå buken startar stavtak og fråskuv
- Balanse mellom armarbeid og beinarbeid
- Piggane fram i stavisettet (men aldri stump vinkel) for å sikre lang arbeidsveg og skikkeleg trykk på stavane
Dobbeldans
- Blir brukt både i stor og liten fart og i spurt
- Har fortrengt padling i stadig tyngre terreng dei seinare åra
- Dobbeldans i motbakke krev lette gir, høg posisjon, relativt kort arbeidsveg og tidleg kraftimpuls
- Starte armarbeidet med hendene minst oppe i høgde med panna, avslutte stavtaket før hendene har passert hofta, ikkje tid til å sleppe stavane i avslutningsfasen
- Relativt kjapp høggerytme ved lette gir
- Krafta frå knesvikten ned gjennom ankelen for å auke trykket mot skiet
Primære arbeidsoppgåver
- Balanse – tyngdeoverføring, kroppen over skiet, vende opp overkroppen og hofta vinkelrett på skiretningen
- Grunnposisjon: parallell leggvinkel og overkroppsvinkel
- Armarbeid: starte høgt oppe med hendene i høgde med panna, aggressivt stavtak med tilnærma konstant albogevinkel, avslutte stavtaket før hendene har passert hofta
- Krafta i skuvet ned gjennom ankelen
- Bruke kroppstyngda til å skape ekstra trykk gjennom ski og stavar
- Aktivt bukarbeid, kraftimpulsen frå buken startar stavtak og fråskuv
- Balanse mellom armarbeid og beinarbeid
- Piggane fram i stavisettet (men aldri stump vinkel) for å sikre lang arbeidsveg og skikkeleg trykk på stavane
Padling
- Blir mest brukt ved relativt liten fart, for å bruke lite krefter i felt, som variasjon til dobbeldans og i rykk i motbakkar
- Kan utførast både glidande og hoppande
- Lengre arbeidsveg enn dobbeldans, passar godt for typiske glidarar
- Ofte avgjerande med godt fribeinarbeid, bruke begge beina like godt
- Aktivt buktrykk for å skape kraft både gjennom stavane og på skiene og for å halde grunnposisjon utan å knekke i hofta
Primære arbeidsoppgåver
- Balanse – tyngdeoverføring, kroppen og hofta over skiet, vende opp hofta og overkroppen vinkelrett på skiretningen
- Grunnposisjon: parallell leggvinkel og overkroppsvinkel
- Bruke begge bein like aktivt, fullføre skuv fribein
- Aktivt armarbeid, trykk på stavane krev skikkeleg buktrykk
- Aktiv armpendel fram att gjev større trykk på fribeinet og tidlegare innsats på hengsida
- Aktivt buktrukk for å halde grunnposisjon
- Balanse mellom armarbeid og beinarbeid
01.05.2009
Audun Svartdal, leder for teknikkprosjektet "Best i løypa 2010"